Du er her

  • Hjem
  • /
    Mindre bensin, meir diesel

Redusert sal av petroleumsprodukt, førebelse tal for juni:

Mindre bensin, meir diesel

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 763 millionar liter i juni i år. Dette er ein reduksjon på 8,6 prosent, eller 72 millionar liter, samanlikna med juni 2013. Salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, unntaka er diesel og parafin, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

  Juni 2014 Juni 2013 Endring i prosent
Juni 2013 - Juni 2014
Samla sal av petroleumsprodukt 763 835 -8,6
Bilbensin 119 122 -2,5
Bilbensin, pris 15,0 14,6 2,5
Autodiesel 336 319 5,3
Autodiesel, pris 13,0 12,9 1,1

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal - Publisert 16. juli 2014.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå

 

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt. Juni
 
Figur 2. Prisar på fyringsolje, bilbensin og autodiesel
 

Det vart selt 336 millionar liter diesel i juni. Dette er ein auke på 5,3 prosent, eller 17 millionar liter, frå juni 2013. Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,02 kroner, som er 14 øre meir enn i juni 2013. Frå mai til juni i år fall derimot gjennomsnittsprisen med 17 øre. Salet av diesel utgjorde 44 prosent av det totale petroleumsproduktsalet.

Junisalet av bilbensin enda på 119 millionar liter, som utgjer ein nedgang på 2,5 prosent, eller om lag 3 millionar liter, frå juni 2013. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,97 kroner. Dette svarar til ein prisvekst på 36 øre frå juni i fjor, men samstundes eit prisfall på 7 øre frå mai til juni.

Meir jetparafin selt

Det vart selt 110 millionar liter parafinprodukt i juni. Av dette var 107 millionar liter jetparafin og 3 millionar liter fyringsparafin. Salet av jetparafin auka med om lag 8 millionar liter frå juni 2013. I den same månaden enda salet av mellomdestillat på 144 millionar liter. Dette inneber ein reduksjon på 26,5 prosent. Av dette var 13,6 millionar liter lett fyringsolje, der salet vart redusert med 4,6 millionar liter. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,02 kroner. Dette er ein oppgang på 1,70 kroner frå juni 2013 og 8 øre meir enn i mai i år.

Samanlikna med juni 2013 vart salet av marine gassoljer redusert med om lag 43,5 millionar liter og enda på om lag 122 millionar liter.

Redusert sal i første halvår

I første halvår i år enda det samla salet av petroleumsprodukt på om lag 4 milliardar liter. Dette er 373 millionar liter, eller 8,4 prosent, mindre enn i det same tidsrommet 2013. I denne perioden vart salet av både diesel og bensin redusert, med respektive 12 og 37 millionar liter.

 

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

  • Tweets

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS