Du er her

DEBATT:

Lyntog har inga stor framtid

«I Samferdsel nr. 10, 2013 meinar journalist Tormod E. Eitrheim at eg driv med transporthokuspokus når eg kjem fram til at lyntog brukar mykje energi og ikkje er økonomiske i høve til fly og ekspressbuss», skriver Idar Mo i dette innlegget, der han tar til motmæle mot Eitrheim.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

Av IDAR MO
Sogndal
idar.mo@online.no

Det vil ta tiår før lyntog får to promille av personreisene på jorda. Det vert ikkje bygd lyntog i område med så liten folkesetnad som i Noreg. England har ei kort linje frå London ned til Kanalen som ein del av lyntoget London– Paris. Trafikkgrunnlaget er 50 millionar menneske. Tidsskriftet The Economist åtvara for tre år sidan sterkt mot ei vidare satsing.

USA satsar ikkje på lyntog. Totalt har verda 20 000 km høgfartsbane. Kina har bygd 10 000 km. I høve til folketalet tilsvarar det 33 km i Noreg, eller ei halv Gardermobane. Kina har kol for lyntog si el-drift, men ikkje olje for flydrivstoff, som hadde gjeve ei betre miljøløysing.

I Samferdsel nr. 10, 2013 meinar journalist Tormod E. Eitrheim at eg driv med transport-hokuspokus når eg kjem fram til at lyntog brukar mykje energi og ikkje er økonomiske i høve til fly og ekspressbuss. Eitrheim skriv at «Dei fleste lesarane vil nok tolke ‘nye raske tog’ som høgfartstog med internasjonal standard, med marsfart på vel 350 km/t på liner for 400 km/t. Slike tog er miljøvenlege, styrkar utkant og minkar ulempene i pressområda.»

I artikkelen «Det store togrøveriet» hevdar The Economist det motsette. Hadde Eitrheim sin informasjon vore rett, hadde lyntog spreidd seg overalt, men det meste har stoppa opp etter ei prøvetid på 30–50 år fordi satsinga var sløseri med ressursar.

Eitrheim skriv vidare at «Alle som kan litt om høgfartstog ser at Mo sine utrekningar heng ikkje på greip.» Det same meinar han om statlege framstillingar som ikkje går for 1000 mrd. kr til investering i lyntog og meir enn dette til vedlikehald over tid, for å flytte to promille av personreisene i landet frå fly til tog. Det krev eit tilskot på minst 10 000 kr per reisande.

The Economist slo fast at tilskota til lyntog gjekk til dei rikaste og auka presset i storbyen London. Intercitytoget vil tilsvarande auke presset på Oslo. Tilskotet vil bli høgre enn jordbrukstøtta. Regjeringa skal bruke 100 millionar kroner på planlegging av toget. Då har ein rikeleg med midlar for å avklare samfunnsnytten med tog i høve til meir økonomiske og miljøvenlege løysingar. Det har ikkje vore vilje til slik analyse i Noreg tidlegare.

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

  • Tweets

Bunnbilde
SAMFERDSEL, TØI
Gaustadalléen 21,
0349 Oslo.
Telefon: 22 57 38 00
Telefaks: 22 60 92 00

PÅ VEIEN
I LUFTEN
PÅ SKINNER
PÅ SJØEN
TRANSPORT
REISELIV
MILJØ
TEKNOLOGI

ARKIV
AKTUELT
ANNONSERE

TØI
DEBATT
KONTAKT OSS
OM OSS

 

Ansvarlig redaktør: Flemming Dahl. Mobiltelefon: 986 255 96. Epost: fda@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS