Du er her

DEBATT:

Tog for høg fart er miljøvennleg og lønsamt

I Samferdsel nr. 1 i år har Frode Hammer og Idar Mo tilsvar på mitt innlegg i nr. 10 – 2013. Då det er klåre feil i framstillingane deira, vil eg kome med dette tillegget.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

LES IDAR MO SITT INNLEGG HER

LES FRODE HAMMERS INNLEGG HER

AvTormod E. Eitrheim
Journalist
tormodee@googlemail.co

For 25 år sidan planla NSB høgfartstog. Konklusjonen deira var då veldig positiv til tog for 300 km/t. Då Kjell Opseth (A) var minister, snudde NSB og vart motstandar av høgfartstog. Kvifor NSB snudde slik, er det ingen som veit.

Idar Mo hevdar at bygging av høgfartsbane  «har stoppa opp etter ei prøvetid på 30–50 år fordi satsinga var sløseri». For 50 år sidan var det 556 km høgfartsbane. Om vel 10 år er det slike liner på alle kontinent, over 52 000 km.

Mo si kjelde for noko av det han skriv, The Economist, gjekk mot å bygge ny høgfartsline i Storbritannia. Politikarane i England har ikkje same lit til bladet som Mo. Britane har starta arbeidet med høgfartsbane London–Birmingham og vidare til Skottland.

Samfunnsøkonom Frode Hammer trur tydelegvis blindt på Jernbaneverket (JBV) sine kalkyler. Men tala stemmer ikkje med norske erfaringstal og den internasjonale jernbaneunion, UIC, sine tal. JBV rekna 2 t 45 minutt Trondheim–Oslo, 2 t 20 minutt Bergen–Oslo og 1 t 20 minutt Stavanger–Bergen. Då kalkulerer JBV at Bergenstoget vil  ta 48 % av flyreisande, Trondheimstoget 49 % og Stavanger-toget 31 %. UIC sine tal viser 71 %, 85 % og 98 %.

Hammer skriv at det vil ta fleire tiår før miljøvinst i drift tek att utslepp i byggefasen. Dette stemmer ikkje med erfaring der slike banar er bygd. Bygging av veg og flyplassar  har også store miljøulemper. Bruken av veg og flyplass gjev mykje større CO2-utslepp enn høgfartstog.

Viser også til CICERO sitt innlegg i Samferdsels TEMPO-spalte, ved Eilef Ursin Reed, som tek opp miljøsider som ikkje er tatt med i JBV sine utrekningar.

Hammer skriv at «når ein passerer 250 km/t, skyt energibruken i veret.» Spanske erfaringar viser at når toget går i 350 km/t treng dei mindre energi enn ved 300 km/t.

Hammer skriv at «kontinentet» har ein heilt annan topografi og mange gongar større marknad. Ja! I Tyskland er det mykje brattare bakkar enn i noko norsk framlegg til bane.

Norsk fjell er enklare og billegare å bygge i enn i Alpene og Hallandsåsen, i tillegg er tomteprisen vesentleg høgare i Tyskland enn ved Vinstra.

I Istanbul og Izmir bur det i alt 15 millionar. Flyruta Stavanger–Oslo har fleire reisande enn flyruta Izmir–Istanbul. Å flytte trafikk frå fly til tog vert rekna som viktigaste grunn for å satse på raske tog.

Nye liner blir billegare og meir miljøvennleg i lengda enn å modernisere gamle liner som var bygd lenge før miljøvern var kjent omgrep.

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS