Du er her

  • Hjem
  • /
    2015
  • /
    Nr. 10
  • /
    Desentralisert hamnestruktur gjev mest gods på sjø

Innspill - havner:

Desentralisert hamnestruktur gjev mest gods på sjø

«Funn frå NTP Godsanalyse tydar (…) på at desentralisert hamnestruktur er ein viktig premiss for å oppretthalde skipstrafikken sin høge del av godsfordelinga», skriver Sindre Ulstein Lid i dette innspillet.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

Innspill-vignettEit av føremåla med NTP Godsanalyse (offentleggjort i haust og ofte omtala som Bred godsanalyse) var å gi meir kunnskap om korleis terminalstruktur og terminalkostnader verkar på etterspurnad etter transport. Analysen såg mellom anna på betydinga av godskonsentrasjon og effektiv terminalstruktur på godsfordeling mellom veg, sjø og bane.

Foto Trondheim HavnHypotesen har tidlegare vore at godskonsentrasjon gjev stordriftsfordelar i terminalleddet og reduserte kostnadar for næringslivet (ref. NTP Godsanalyse, 2015a). I ein slik samanheng ser ein føre seg at godskonsentrasjon, med færre og meir effektive terminalar, aukar delen av godset som går på sjø og bane.

Funn frå NTP Godsanalyse tydar derimot på at desentralisert terminalstruktur er ein viktig premiss for å oppretthalde skipstrafikken sin høge del av godsfordelinga. Denne artikkelen gjer greie for premissa til nemnde konklusjon i NTP Godsanalyse og baserar seg i hovudsak på funn og analysar frå Delrapport 2.

 

Hypotesen har tidlegare vore at godskonsentrasjon gjev stordriftsfordelar i terminalleddet og reduserte kostnadar for næringslivet

Samferdselsdepartementet ga trans-port-etat-ane og Avinor i oppdrag å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om godstransport. Utgreiinga er meint å være eit bidrag til transportetatane og Avinor sitt arbeid med ny Nasjonal transportplan. NTP Godsanalyse hadde fire deloppgåver som resulterte i tre delrapportar og ein hovudrapport. Deloppgåvene gjekk ut på kartlegging av dagens transportsystem og varestraumar samt å vurdere mogelege framtidige logistikktrendar. Analysen skulle òg gjere greie for nasjonal terminalstruktur og framtidig terminalstruktur på Austlandet. Til slutt skulle ein kasta lys over eigarskap til og drift av terminalar, verkemidlar og effektar.

NTP Godsanalyse definerer terminal som «en enhet innenfor et geografisk avgrenset område, der det lastes og losses gods på og av transportenheter» (NTP Godsanalyse, 2015:19b). Prosjektet avgrensa fokus til offentleg eigde godsterminalar som hamner og jernbaneterminalar. Terminalar er gjerne multimodale, noko som vil seie at lasting/lossing vert gjennomført for fleire transportformar. I vårt tilfelle gjeng dette føre seg ved at skipet lastar/lossar gods/vareeiningar frå eller til ei anna transportform, til dømes vegtransport. Sjøtransport vil ofte vere avhengig av ei anna transportform for framføring av godset til mottakar. 

NTP Godsanalyse tek utgangspunkt i Herfindahl-Hirschman-indeksen, som vurderer dagens hamnestruktur som desentralisert. Analysane har sett dagens fordeling oppimot ei tenkt framtidig fordeling på færre og meir effektive hamner. Til grunn for meir effektive hamner har ein sett føre seg ein kostnadsreduksjon på 20 % (NTP Godsanalyse, 2015:29a). Ein kostnadsreduksjon på 20 % er meint å simulere stordriftsfordelar, slike som i større hamner blir oppnådd gjennom effektivisering ved bruk av ny teknologi og meir rasjonell organisering av terminaldrifta.

NTP Godsanalyse argumenterar for at spørsmålet i hovudsak handlar om kor vidt stordriftsfordelar i hamneoperasjonar vert større enn auken i distribusjonskostnadar (NTP Godsanalyse, 2015:39b). Det faktisk kostnadsmessige utfallet av godskonsentrasjon i færre, men større, terminalar vert med andre ord ei avveging mellom auke i distribusjonskostnadar og lågare terminalkostnadar. Ved å nytte logistikkmodellen har ein søkt å vise korleis nemnte kostnadsreduksjon slår ut på samla logistikkostnadar ved ei samtidig godskonsentrering. Føresetnaden har vore uendra samla etterspurnad av transport og noverande lokalisering av næringsaktørar. Det vart òg gjort simuleringar der ein endra lokalisering på næringsaktørar i avgrensa område, men med blanda resultat.

 

NTP Godsanalyse argumenterar for at spørsmålet i hovudsak handlar om kor vidt stordriftsfordelar i hamneoperasjonar vert større enn auken i distribusjonskostnadar

Gjennomsnittsavstand mellom stamnetthamnene er anslagsvis i underkant av 60 km på veg (NTP Godsanalyse, 2015:39b). NTP Godsanalyse peiker på at kjøringar av logistikkmodellen ilag med data frå SSBs lastebilundersøkingar viser at hamner i stor grad har ei regional rolle for næringsliv innafor eige beteningsområde. Funna tyder på at godskonsentrasjon vil auke omlandet som dei største hamnene er nøydd til å betene. Næringsaktørar er avhengige av nærleik til transporttilbod for å oppretthalde låge distribusjonskostnadar. Ved å auke distribusjonsområdet for hamner gjennom godskonsentrasjon viser logistikkmodellen at ein samtidig vil auke distribusjonskostnadar for næringslivet.

Modellbaserte analysar viser at sjøtransporten sin del av godset er sensitiv for endringar i terminal- og distribusjonskostnadar (NTP Godsanalyse, 2015a:30). Reduserte terminalkostnadar, gjennom effektivisering, gjev meir sjøtransport medan auke i distribusjonskostnad gjev mindre sjøtransport. Analysane tyder på at marknaden etterspør eit desentralisert terminaltilbod, og at marknadsutviklinga tenderar svakt i retning av ytterlegare dekonsentrasjon. Ved å konsentrere godset til færre terminalar vil avstanden til mottakar frå terminalen auke. Konsekvens på nasjonalt nivå er at summen av auken i innhentings- og distribusjonskostnadar aukar meir enn summen av kostnadsreduksjonar i hamneterminalane, noko som leier til mindre gods på sjø.

Hovudkonklusjonane tyder på at desentralisert terminalstruktur gir betre tilbod til næringslivet og bidreg til redusert vegtransport og lågare utslepp. Analysa tydar på at stordriftsfordelane ved å konsentrere gods til færre og større terminalar vert mindre enn auken i transportkostnadar ved auke i distribusjonsavstand (NTP Godsanalyse, 2015a: 29). Auken i kostnaden på distribusjon heng saman med, som tidlegare nemnt, at sjøtransport ofte er avhengig av ei anna transportform for framføring av godset til mottakar. NTP Godsanalyse syner at ein desentralisert terminalstruktur er ein viktig føresetnad for regional verdiskaping og sysselsetting gjennom å tilby rimeleg transport av store volum som omsettast i ein marknad.

Det faglege grunnlaget viser at innsatsen bør rettast inn mot å effektivisere den enkelte stamnetterminal dersom ein ynskjer å halde på den delen av godset som går på sjø. Tilskotsordninga for hamnesamarbeid, som Kystverket forvaltar, tydar også på at ein kan effektivisere hamner gjennom tilskot til blant anna fellesadministrative system og nye samarbeidsformer. Ein effektivisert desentralisert hamnestruktur ser ut til å vere samanfallande med næringslivet sin etterspurnad etter transporttilbod. Ein sentralisert hamnestruktur vil derimot kunne auke delen av godset som vert transportert på veg. 

Kjelder
NTP Godsanalyse (2015a) Hovedrapport
NTP Godsanalyse (2015b) Delrapport 2: Offentlige Godsterminalar struktur, eierskap, finansiering og drift

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS