Du er her

Alternative fakta om jernbane

Det er ikkje berre Trump som støttar seg til såkalla alternative fakta. Det har Samferdsledepartementet, som eig NSB, gjort gjennom tiår med utruleg effekt.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

Nå er Stortinget, statsministrar, samferdsleministrar, pressa, NHO, LO, miljøorganisasjonar, ja, heile folket hjernevaska i den grad at det er umogleg å få fram reelle fakta om jernbane, henta frå offisiell norsk og internasjonal statistikk og analyse, utan å verte karakterisert som miljøfiende og jernbanehatar.

 

Det er umogleg å få fram reelle fakta om jernbane

Då Liv Signe Navarsete var samferdsleminister, skreiv Aftenposten på leiarplass under tittelen «Jernbanen på skinner» at ministeren måtte setje i gang og byggje ut meir lønsam jernbane. Det var ikkje noko problem å satse stort på jernbana, sidan NSB auka milliardoverskotet år for år. Bergens Tidende hadde same synet på økonomien i jernbane.

Våre mest ressurssterke aviser bygde synet sitt på årsmeldingane frå NSB og stortingsmeldingar der det gjennom tiår vart hevda at jernbane i særklasse var det mest energieffektive og miljøvenlege transportmiddelet.

Dessutan var jernbana det mest lønsame samferdslemiddelet, kunne Steinar Killi, tidlegare ekspedisjonssjef i Samferdsledepartementet, fortelje då han presenterte dei statlege transportetatane sitt framlegg til NTP 2002–11 for fylkeskommunane. Det var tre gonger så lønsamt å byggje ut jernbane som veg.

 

Gravemaskiner og produksjon av stål og sement slepp vel ut CO2?

Samferdsleminister Terje Moe Gustavsen følgde opp i eit stort møte i Oslo med utsendingar frå heile Vestlandet. I denne NTP-en, fortalde han, var midlane til samferdsla fordelte etter vitskaplege prinsipp mellom landsdelar og transportmiddel.

No er Terje Moe Gustavsen vegdirektør og sjef for sekretariatet for Nasjonal transportplan (NTP), der jernbana vert framstilt med berre halvparten av CO2-utsleppa til mopedar og motorsyklar sjølv om Jernbaneverket skal bruke 18 mrd. kr på bygging og vedlikehald av skjenegangen i 2017. Gravemaskiner og produksjon av stål og sement slepp vel ut CO2?

I alle høve har desse aktivitetane store CO2-utslepp i andre land. Truleg er bortimot 80 % av energibruken ved den norske jernbana indirekte, dvs. bygging og vedlikehald av tog og køyreveg. Det tek ein ikkje omsyn til i NTP-arbeida, og heller ikkje tek ein omsyn til at det er lite rasjonelt å bruke vasskraft til lite energieffektiv transport av passasjerar med tog samanlikna med buss.

Aftenposten brukte rekneskapen for bedrifta NSB og ikkje rekneskapen for jernbana då dei på leiarplass meinte det var svært lønsamt å byggje ut jernbane. Då tok ikkje avisa omsyn til at NSB sitt overskot kom fram etter tilskot til jernbana på 15 mrd. kr over statsbudsjettet og i tillegg eit berekna tilskot frå marknadsvern på minst 35 mrd. kr, når vi stiller tilskotet opp etter dei prinsipp OECD brukar for berekning av norsk jordbruksstøtte. Det vert 50 mrd. kr i årleg tilskot til eit transportopplegg som nesten ikkje har produksjon.

Det er merkeleg at statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen  ikkje ser dette problemet, som vil få svært negative konsekvensar for utvikling av ei samferdsle der det skal bli produsert rasjonelt og energieffektivt med minst mogleg globale CO2-utslepp.

Regjeringa planlegg å satse store delar av samferdslemidlane på Intercitytog og Nye Bergensbane. Det er å ta ansvar for det globale miljøet, hevda statsministeren i nyttårstala for to år sidan.

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS