Du er her

Store variasjonar i utslepp frå fly

Det mest drivstoffgjerrige flyselskapet i USA brukar 26 prosent mindre drivstoff enn den verste i klassa. Likevel var det sløsaren som tente mest.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

Foto: F. Dahl

Aamaas er forskar, Cicero Senter for Klimaforskning

AV BORGAR AAMAAS

 

 

For ein forbrukar som må fly, vil det altså vere mest klimavenleg per person­kilometer å reise i eit stort, moderne og godt ivaretatt fly der seta står tett og er fylt opp med passasjerar.

Organisasjonen The International Council on Clean Transportation (ICCT) har undersøkt drivstofforbruket til ei rekkje flyselskap som flaug innanlands i USA i 2010. Rapporten «U.S. domestic airline fuel efficiency ranking 2010» dannar basis for ei årleg oppdatering for å gi passasjerar, forskarar og politikarar god informasjon om effektiviteten til flyselskap og deira CO2-utslepp. Ulike flyselskap kan ha svært ulike strate­giar og variere i storleik, men ICCT hevdar at dette er justert for, slik at samanlikninga er god.

Spennet i drivstofforbruk er stort. Aller best er Alaska Airlines, mens Allegiant Air kjem dårlegast ut. Omtrent 35 prosent av kostnadene til flyselskapa kjem frå drivstoffet. Difor er det i deira interesse at drivstof­forbruket er så effektivt som råd. Likevel var det Alle­giant Air som dreiv med størst profitt. Ei rekkje andre økonomiske faktorar spelar inn, blant anna at Allegiant Air flyr ruter med liten konkurranse.

Kva for flyselskap som er mest drivstoffgjerrig mellom to amerikan­ske byar, varierer. Altså kan eitt flyselskap som nasjonalt flyr effektivt, kome langt ned på lista for ei spesifikk rute. Forskjellar mellom flysel­skap på enkeltruter går frå ni prosent til heile 87 prosent mellom Chi­cago og New York. Den mest brukte reiseruta gjekk mellom Los Ange­les og San Francisco, men typiske reiser mellom dei ulike kystane kjem òg høgt på lista.

Omtrent ein tredjedel av forskjellane mellom flyselskap skuldast ulik bruk av teknologi, der nye aerodynamiske fly med effektive motorar bruker minst drivstoff. Blant mange andre relevante faktorar er kor tett seta står, operasjonell praksis, kor stor kabinfaktoren er, og kor lange omvegane er under flyginga. Rapporten finn ulike operasjonelle praksisar når det gjeld å fylle meir drivstoff enn nødvendig og korleis taxinga på flyplassen blir gjennomført.

Dei korte flyreisene gir det største forbruket per personkilometer. Ei viktig årsak er at takeoff krev mest drivstoff i løpet av ein flytur. Dessutan vert mindre og mindre effektive fly brukt på dei korte rutene. Ein flytur frå San Francisco til Los Angeles er 60 prosent mindre effektiv enn ein flytur til New York.

For ein forbrukar som må fly, vil det altså vere mest klimavenleg per personkilometer å reise i eit stort, moderne og godt ivaretatt fly der seta står tett og er fylt opp med passasjerar. Likevel er flyreiser ein av rei­semåtane med størst klimapåverknad per personkilo­meter sett i forhold til reelle alternativ, blant anna grunna sterk oppvarming frå kondensstriper. Utrekningar av nord­menns reisevaner viser at omtrent halvparten av klimapåverknaden frå transport kjem frå flyreiser, sjølv om desse reisene står for langt mindre enn ein prosent av alle reiser.

______________________________________________________________________________________

TEMPO står for Transport and Environment – Measures and Policies: et KMB-prosjekt under RENERGI-programmet i Norges forskningsråd. TEMPO tar sikte på å utrede hvilke tiltak og virkemidler som mest effektivt kan redusere drivhusgassutslippene fra norsk samferdsel. Utviklingen i TEMPO-prosjektet vil ventelig gi gode innblikk i konflikten mellom transport og klima og hva som gjøres for å løse den. Samferdsel har invitert medarbeidere i TEMPO til løpende å redegjøre for utviklingen.

 

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS