Du er her

DEBATT:

Buss, tog og klima

Raske tog har 50 gonger så høge produksjonskostnader og 20 gonger så store globale CO2-utslepp per reisande som buss på 4-felts veg. Folk vel bussen når ei reise Oslo–Bergen/Haugesund tek fire timar på ein 38 mil lang veg med billettpris 30 kr. Raske tog som klimatiltak vert eit pengesluk, bussar ei gullgruve med stor positiv klimaeffekt.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

Av Idar Mo
Sogndal
idar.mo@online.no

I Samferdsel nr. 4/2014 hevdar Karl Sigurd Fredriksen at buss er raskare og betre enn tog på strekninga Oslo – Kristiansand. I Samferdsel nr. 6/2014 får han motbør frå Torstein Fjeld, som hevdar at motorvegar berre aukar biltrafikken sidan bussen ikkje konkurrerer. Berre toget har framtidspotensiale til å ta trafikk frå både fly og bil, noko som skjer når jernbana vert bygd ut for høg fart og køyrer Kristiansand–Oslo på to timar.

Fjeld påstår og at eg og andre «sprer uklarheter og usikkerhet blant publikum om hva som er en riktig langsiktig miljø- og klimapolitikk.» Det er rett at eg stiller spørsmål ved nye raske tog som klimatiltak. Det kostar 20 000 kr å fjerne eit tonn CO2 med Intercitytoget som klimatiltak. Elles er 1000 kr per tonn rekna som høg pris. Noreg har kanskje 6 millionar menneske, 8 mrd. personreiser og 100 mrd. personkm i 2030. Det tel lite for CO2-utsleppa om banetransporten aukar med 1 mrd. personkm til 4,2 mrd.

Det er spinndyrt å byggje nye jernbaner, spesielt for raske tog. Follobana er under utbygging til ein kostnad av 1,1 mrd. kr per km, medan ein km 4-felts motorveg kosta 0,2 mrd. kr i snitt i 2012. Torstein Fjeld hevdar at utbyggingskostnadene er like.

Vert Intercitytoget utvida til Hønefoss og vidare til Kristiansand kostar det minst 300 mrd. kr. I det lange løp som Fjeld set til 100 år, vil kostnader til drift, vedlikehald og store ombyggingar kanskje bli 800 mrd. kr. Set vi kostnader til køyreveg og tog til 20 mrd. kr per år kan vi få 40 mrd. personkm med buss på 4-felts veg for ein slik sum medrekna rett betaling for vegbruk.

Med bussbillett på 10 kr for reiser under 100 km og 30 kr for lengre reiser over heile landet, kan vi kanskje få overført 20 mrd. personkm frå bil, fly og tog til buss med 70 % reduksjon i globale CO2-utslepp. Staten vil då spare milliardar i reduserte tilskot og privat sektor milliardar på redusert bilhald.

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Bunnbilde
SAMFERDSEL, TØI
Gaustadalléen 21,
0349 Oslo.
Telefon: 22 57 38 00
Telefaks: 22 60 92 00

PÅ VEIEN
I LUFTEN
PÅ SKINNER
PÅ SJØEN
TRANSPORT
REISELIV
MILJØ
TEKNOLOGI
ARKIV
AKTUELT
ANNONSERE
ABONNERE
TØI
DEBATT
KONTAKT OSS
OM OSS

 

Webmaster/nettredaktør: Are Wormnes. Telefon mobil: 911 47 978. Epost: awo@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS