Av SIGVART ØSTREM
Stavanger
sigvart.ostrem@getmail.no
Les også: På tide å reformere flyplassindustrien
Rundt Oslo representerer Torp og Rygge ein viss konkurranse med Gardermoen. Om desse tre flyplassane konkurrerer på likeverdige vilkår har ikkje eg forutsetningar for å seia noko om. Det burde vera eit viktig forskingsprosjekt å sjå korleis konkurransen mellom desse tre flyplassane fungerer.
Men meiner Welde i fullt alvor at f.eks. byane Trondheim, Bergen og Stavanger kvar skal ha to eller fleire flyplassar som konkurrerer med kvarandre om flyavgangar og flypassasjerar?
Det undrar meg at Welde ikkje er meir opptatt av den konkurransen det bør vera mellom reint kommersielle aktørar som leverer tenester til flyplassane, dvs. til Avinor.
Welde har eit par gode eksempel på selskap som skummar mykje fløyte av flyplassdrift: Taxfree-forhandlaren Travel Retail Norway (TRN) som driv «ekstremt lønnsomt» og Select Service Partner (SSP) «med en lønnsomhet langt over det de fleste andre bransjer kan oppvise».
Er Avinor for snille når selskapet leiger ut lokale til desse aktørane? Kvifor kan ikkje Avinor sikra seg større inntekter ved å stilla hardare krav til dei reint kommersielle aktørane? Det ville føra til lågare avgifter for flyselskapa og i siste instans billegare reiser for oss flypassasjerar.
Eg etterlyser altså hardare konkurranse mellom dei selskapa som leverer tenester til Avinor, f.eks. sikkerheitskontroll, utbygging og vedlikehald av flyplassane, snøbrøyting m.m.
Me treng ikkje konkurrerande flyplassar for at Avinor skal kunna krevja hardare konkurranse mellom leverandørar som er reint kommersielle selskap, i motsetning til Avinor som er både ein forvaltningsetat og eit forretningsselskap.
Kanskje vår nye riksrevisor, Per-Kristian Foss, bør gå Avinor nærmare etter i saumane?
Det burde og vera naturleg for Konkurransetilsynet å sjå om det er skikkeleg konkurranse mellom dei som Avinor kjøper tenester av eller leiger ut lokale til.
DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!
Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.
Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen