Du er her

E134 Miljøvegen

Eit nasjonalt problem som treng korrekt løysing

Norsk næringsliv bør sjølvsagt ha sikker og forutsigbar transport mellom våre to mest folkerike og mest verdiskapande landsdelar. Effektiv hovudveg vidare til Kontinentet er og sers viktig.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

DebattJohannes Sørli har vært en sentral person i arbeidet med å fremme en moderne øst–vest-forbindelse, via Haukeli, i Sør-Norge. Illustrasjon fra Vegforum Øst-Vests nettsider.For Bergen bør val av alternativ vera enkelt. Byen kan behalda dagens fire alternativ inkl. Aurland–Hol. I tillegg får Bergen ein ny perfekt veg aust–vest som i særklasse er best på alle område. Det er ein oppgradert E134 med arm til Bergen under namnet E134 Miljøvegen.

 

E134 Miljøvegen skil seg klart ut som det beste alternativet for landet på alle område

Ingen av dei andre alternativa kan bli tilnærma like gode, uansett kor mykje oppgradering ein prøver å få til. Det veit Statens vegvesen og transportorganisasjonane.

Dette alternativet vil spara næringslivet i Bergen-regionen for milliardar av kroner kvart år. Vegen blir kortast, knapt 38 mil Bergen–Oslo, flatast med berre 1,2 prosent stigning over fjellet mellom Seljestad og Vågsli, og berre 860 meter over havet. Vegen blir 100 prosent vintersikker utan kolonnekjøring og med halvert CO2-utslepp for tungtransporten. Problema med reinsdyra vil forsvinna.

Vegen vil gi Bergen mykje nytt oppland. Den går nemleg gjennom kommunar med nær fire gonger så mykje folk som i nokon av dei andre alternativa. I tillegg kjem trafikk frå Rogaland som gjer at dette blir det einaste alternativet med trafikkgrunnlag nok for 4-felts motorveg over fjellet med 3½ time Bergen–Oslo.

95 prosent av Hordaland og 90 prosent av Rogaland vil ha E134 Miljøvegen som sitt beste val. Då er det øydeleggjande og unødvendig å spreie trafikken på to alternativ aust–vest. Det vil hindra bygging av sikker og effektiv hovudveg.

Det er 4-felts motorveg me skal ha her, og då er valet av alternativ avgjerande. Det vil føra til sterk reduksjon av trafikkulukkene grunna skilde kjøreretningar, når me veit at 74 prosent av alle dødsulukker på norske vegar er møteulukker og utforkjøringar. Det siste kan taklast med solid autovern.

Denne viktige hovudvegen er inga politisk sak for lokale særinteresser og andre pressgrupper til å blanda seg borti. E134 Miljøvegen skil seg klart ut som det beste alternativet for landet på alle område. Då er det unødvendig å kasta bort meir tid og pengar på tvilsame utgreiingar. Dette er ei nasjonal sak med høg samfunnsøkonomisk nytteverdi som bør ha høgste prioritet.

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS