Du er her

Leder:

Lyntoget har lita framtid

Journalist Tormod E. Eitrheim gjev seg ikkje, og i Samferdsel nr. 2/2014 held han fram med å hevde at «Tog for høg fart er miljøvenleg og lønsamt.»

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Tips en venn

Av IDAR MO
Sogndal
idar.mo@online.no

Vidare meiner han at det vert satsa på slike liner på alle kontinent slik at den samla lengda vil bli 52 000 km om vel 10 år mot 20 000 km i dag.

Om vel 10 år vil det vere 8 mrd. menneske på jorda og 5,5 millionar i Noreg. Dersom vi får 52 000 km med lyntogliner på verdsbasis, så tilsvarar det 36 km i Noreg, eller om lag ei halv Gardermobane.

Eitrheim går for lyntogliner i Noreg for å ta ned flytrafikken til/frå Oslo – i eit land som ikkje har grunnlag for tog i noka form den dagen vi har fått eit stamvegnett på linje med resten av Vest-Europa.

«I Istanbul og Izmir bur det i alt 15 millionar. Flyruta Stavanger – Oslo har fleire reisande enn flyruta Izmir – Istanbul», seier Eitrheim. Skilnaden skuldast i høg grad eit dårleg norsk stamvegnett.

Staten må subsidiere kvar reisande med lyntog mellom Austlandet og Vestlandet med 10 000 kr når dei brukarbetalte stamvegane er på plass. Energibruken i direkte og indirekte former vil vere 10 gonger så stor på lyntoget som på bussen.

Les også:
Tog for høg fart er miljøvennleg og lønsamt (Samferdsel 2/2014)
Lyntog har inga stor framtid (Samferdsel 1/2014)
Transport-hokuspokus (Samferdsel 1/2014)
Idar Mo sin transport-hokuspokus (Samferdsel 10/2013)
Nye raske tog aukar den globale klimagassutsleppa (Samferdsel 9/2013)

DEBATTREGLER I SAMFERDSEL
Har du synspunkter på denne saken, så kom gjerne med dem her i kommentarfeltet! Det du skriver vil i de fleste sammenhenger fremstå som mer interessant og troverdig dersom du skriver under fullt navn. Hold deg til saken, vis respekt og raushet overfor andre og deres meninger. Husk at det du skriver kan bli lest av mange!

Ytringer som inneholder trusler eller annen form for sjikane, vil bli fjernet.

Vennlig hilsen
Samferdsel-redaksjonen

comments powered by Disqus

Ansvarlig redaktør:  Kommunikasjonssjef Harald Aas, E-post: ha@toi.no  |  Personvern

Designet og utviklet av CoreTrek AS